Rusticajul


Ullveka 2019

Utstilling i Ullveka 2019 med filtmakarane
Marita Haugen, smykke, sjal og bilete
Anne Johnsen, katte- og fuglebilete.
 
Opnar laurdag 19. okt. kl. 12.00.
Ope alla dagane i Ullveka frå kl. 12.00 til 18.00.
 
Etter Ullveka ope i helgene fram til søndag 3. nov.
Eller etter avtale, kontakt 9916 9281.

Norrøn arv -  kystsogeutstilling 2019

Norrøn Arv i Galleri Rustica viser bilete frå tre kvinner, Sigrun Garfors, Oda Holmås Hardeland og Gunn-Helen Johnsen, alle inspirerte av vår forhistorie, av bergbilete eller helleristningar og frå ornamentikk, formspråk og myter i vår norrøne arv.

Sigrun Garfors sine maleri har helleristninger fra Stein- og bronsealder som tema, og innslag av det vi forbind med vikingtid, og gamal folkekunst. Norsk kulturarv går som ein raud tråd gjennom heile hennar produksjon. Teknikken er heilt henna eigen, ho kombinerer olje og fleire andre materiale. Garfors har tidligare stilt ut i USA, Tyskland, Sverige og Spania, samt mange stader i Noreg, blant anna i Oslo rådhus og på Bryggen Museum i Bergen.
Det er stor stas å få kunne presentere ein så stor kunstner for publikum i Nordhordland!

Oda Holmås Hardeland er frå Meland, ho lager teikningar i fleire storleikar, også ganske store. Bileta innheld skapningane frå vår norrøne mytologi, er detaljrike og har eit slåande og sterkt vikingutrykk. Dette er tredje gong ho stiller ut i Rustica, siste gong var på Vikingutstillinga i fjor, der bileta hennar gav blodekte vikingstemning i løerommet. Ho har kunstutdanning frå UiB, Falmouth University i teikning (drawing) og frå Romerike Folkehøgskule, kostyme og teatersminke. 

Gunn-Helen Johnsen er aktivitør og bruker mye kunstinnslag i arbeidet med ulike grupper, sang, rytme, teater, håndverkskunst, visuelt og kreativt utrykk, opplevingar i naturen m.m.
Ho har heile livet utrykt seg visuelt, og blitt inspirert av musikk og rytme, kunst, tekst og utrykk som formidlingsform. Krafta i norrøn mytologi har alltid gitt henne inspirasjon og glede. Ho vil at bileta hennar skal gi meining og ha ein vegleieande bodskap/kraft. Ho er også oppteken av nordhistoriske håndverkstradisjonar, og å nytte råmateriale som tre, ull, og andre levenærande fibre som hamp og skinn, smykke og edle metaller. 

Utstillinga opnar fredag 23. aug. kl. 22.00 med ein konsert med trioen Try With Coffee. Medlemmene i trioen er dyktige musikkarar og lærarar i kulturskulen. Dei har mye eigenkomponert stoff i sjangerrommet mellom pop og jazz. Dei har ein inderleg framføring som tek publikum frå første låt.


Maiutstilling som opnar 1. mai

Blomefoto, Irene Heggstad - fargerike kollasjar av fotografi og mikrografi

Blomar og pollen frå same blome er  avbilda. Pollenbileta er forstørra tusenvis av gonger og kopiert oppå blomebileta. Slik får Heggstad fram ein unik detaljrikdom av strukturar frå ei mikroverd det menneskelege auge ikkje kan sjå.

- Eg har valt å fokusera på pollen. Så vakker, men samtidig så plagsam for mange av oss. Korleis  ser dei ut?  Eg oppdaga at dei gjerne liknar si moderplante - at ei lilje har lange og slanke pollen, ein peon har runde og lubne pollen, men ein løvetann har skarpe og taggete pollen som ser ut til å meistre alt. Og det gjer han jo også,  seier Heggestad. 
- Biologi er særs spennande og interessant,  er til å forstå - og er vakker. Biologien  triggar min estetiske sans, seier ho.
- Eg har lenge hatt eit ønske om å skape noko visuelt av det interessante eg får høve til å arbeide med ved Universitetet i Bergen, seier Heggstad, der ho frå 1993 har arbeidd som teknikar ved ELMIlab - eit laboratorium for elektronmikroskopi på  Institutt for geovitskap. 
- Eg har hatt eit ønskje om å skape eit personleg uttrykk henta frå den vitskapelege verda. Gjerne vitskap som kunst – eller  kunst som vitskap om du vil.

Heggstad er fødd i Bergen i 1967. Ho tok sitt fagbrev i fotograffaget ved Universitetet i Bergen i 1991.

Heggstad stiller ut bileta i Galleri Rustica  frå 1. til 19. mai  2019. Utstillings er open mellom kl. 12 og 16, og elles etter avtale. Alle bileta er til sals og kvart vert kunn kopiert opp i åtte eksemplar.

https://fotografiens-hus.no/hendelse/irene-heggstad-byflora/

https://www.uib.no/universitetsmuseet/114575/byflora-billedutstilling.

 

Opning 1. mai. ettermiddag,

minikonsert med gruppa "Try With Coffee", som Gillian Gjelsvik skriv flg om:

"Det var stor begeistring hos publikum da «Try With Coffee» debuterte hos Meland Jazzkafe i går. Her var det en herlig sammensetning. Usedvanlig følsom og presis perkusjon fra Brynjar Mjanger Eide, satt sammen med stilfullt og meget nyansert gitarspill fra Bjørn Schille var et perfekt fundament til Linn Merethe Myrtveits vokal. Publikum var sjarmert av Linn Meretes upretensiøse stil som rangerte fra følsomme ballader til rytmiske lek.
Utfordrerne vokalstandards som Baccarats «...Alfie» og Billie Holiday’s «Don’t Explain» var gjennomført med både særpreg og presisjon og trioen var utrolig godt samkjørt.
Bandets egenproduserte låter var en frisk pust av originalitet og kvalitet med noen modig, men vellykkede musikalske utrykk.
Bjørn spiller på en 7 strengs gitar der han kombinerer basslinjer og gitarspill på en måte som gir «Try With Coffee» et vakkert og egenartet musikalsk uttrykk.
Hvis «Try With Coffee» kan presentere en så variert og sammenkjørt framførelse på første konsert så kan vi forvente en spennende fremtid. 
Vi gleder oss til neste konsert med «Try With Coffee»

https://www.facebook.com/groups/494120483955871/ 


KUNSTRUNDEN i Alver

KUNSTRUNDEN Alver 2019 i Galleri Rustica viser utstillinga YMIS,  med både nye og kjende kunstnarar for galleriet sitt publikum, og i teknikkar som maleri, tekstil, filt, foto, keramikk, smykke.  Dei som stiller ut der er:

Marianne Lien - tekstilbilete, Anne Johnsen - filtbilete med fantasifuglar,

Marita Haugen - filtbilete
Håkon Liland - maleri
Synneva Skintveit - maleri
Line Therese Iversen - maleri
Anne Marie Grimsrud - maleri
Irene Heggstad - fargerike kollasjer av fotografi og mikrografi
Eilif Stene - foto
Morten Sæle - foto
Christoffer Nicolaysen - foto
Inez Rüppel - foto
Birthe Schytte - rustikk keramikk
Cecilia Claesson - KILA design, smykke av retroporselen.

I Galleri Rustica opnar utstillinga i Palmehelga, ope 12. til 16.


Naturnære fotografier

Sjeldne, originale motiv, flotte fargar og komposisjonar.

10. klassingen Christoffer Nicolaysen stiller ut 10 foto, nokre i stort format. Motiva er natur, men ikkje slik som me er vant til å sjå naturfoto. Her er motiv sett med eit talentfullt og særeige blikk for detaljer og utsnitt, sjeldne former, flotte fargar og komposisjonar.

I vår deltok han på Ungdommens kulturmønstring og gjekk vidare til Fylkesfinalen i Bergen.

Opning laurdag 17. nov. kl. 15. Rakel Berland syng under opninga.

Dette er ei salsutstilling. Utstillingen er open i helgene kl 12 til 16. og står til 9. des. 2018.


Ull i vikingtida

Utstillinga viser kor avgjerande viktig ull var for vikingane, utan ulla inga vikingtid! Seila deira t.d. var laga av den best spunne ulla, og vart laga av kvinnene. Fleire årsverk gjekk til.

Publikum kan sjå og prøve klede, sko og anna vikingutstyr.

Opning: Laurdag 20. okt kl. 12.00 Gruppa "Troll i ord" deltar.
Fåredrag: Onsdag 24.10. kl. 18.00 "Ull - livsviktig i vikingtida" Liv Maragreth Alver.

Utstillingsperiode: 20. okt til 11. nov. Ope alle dagar i Ullveka, kl. 12.00 - 18.00.

Etter ullveka:
Laurdagar og søndagar kl. 12.00 til 18.00 eller etter avtale, mob 9916 9281.
Barnahagar og skular kan gjere eigne avtalar, mob 9916 9281.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Galleri Rustica, Nordhordland Frie Vikinger og Liv Margareth Alver.


Motiv frå kystlandskap

Gunn Kvaløy stiller ut motiv frå kystlandskap.

Ope kl 12-18 i perioden laurdag 25. august til 2. september.

Kontakt Galleri Rustica på mob  991 69 281.

Velkommen!


Færøynatt

Kystsogekonsert og ringdans.

Hanus G. Johansen: musikar og legende frå Færøyane syng og speler gitar.

Ottar Fyllingsnes: forfattar av boka "Færøyane" fortel og viser foto.

Dansevertar leiar og lærer vekk ringdans.

Kontakt Galleri Rustica på mob  991 69 281.

Velkommen!


Magiske skogstroll

Utstillinga opnar laurdag 28. april og står til søndag 20. mai.
Opningstider er laurdagar og søndag kl. 12. - 16.

Utstillinga viser Cathrine Fransiska sine magiske skogstroll i eit skikkeleg trollete skogs- og naturmiljø ho har laga i den gamle grindløa.

Har du pittelitt fantasi og litt magisk magekjensle så trur eg nok du ser at dei kan lea litt på seg, kanskje blunkar eitt til deg, lever litt... 

Cathrine har skrive bok om trolla og deira magiske liv og fortel om dei og signerer  boka si.

Barnehagar og skuleklassar kan avtale omvisning på dagtid i vekedagane.

Kontakt Cathrine på mob  957 09 564.

Velkommen!


Færøykveld

Søndag 11. mars 2018 kl 18:00

Hanus G. Johansen er ein gitarlegende, musikar og komponist frå Færøyene.

Karin Flatøy Svarstad er filtmakar, kulturentrepenør, driv  Sommarakademiet. Ho fortel og viser bilete frå sitt Færøyene.

Billettar i døra, kr. 200,-

Velkommen!


Gitarvirtuosen Rolando Carrasco Segovia frå Peru

Gitarvirtuosen, Rolando Carrasco Segovia frå Peru, er på Europaturné til Frankfurt, Bryssel, Paris, Helsinki - og stikk innom Galleri Rustica på Holmeknappen! 

Ein sjeldan sjanse til å høyre gitar spela med peruansk inka-inspirasjon. Ein unik gitarkonsert! 

Før konserten foretar Carlos Salinas ei tradisjonell Inka innviing av lokalet. 

Billettar i døra, kr. 150,-.  Kulturskuleelevar gratis.

Velkommen!


Jubileumsveke Meland Kulturskule

Verk til elevar på visuell kunst

15. november kl 17

Opning ved ordførar Øyvind Oddekalv

Fyr på peisen og varm drikke

Velkommen!


Ulla eller livet!

EIT FLEIRTRÅDA FÅREDRAG - ei multikulturell forteljing om ull for livet

Roar Ektvedt forteljing
Vigdis Valde
spinning
Linda Røyseth Sandhåland
song
Anne Johnsen
karding
Leif Johnsen
forteljing
Publikum innspel

Stad: Galleri Rustica
Tid: Onsdag 27. september kl 18.00
Arr: Galleri Rustica


Ullveka 2017

Utan sau - naken og... ei utstilling om den unike og livbergande ressursen ulla.

Elin Alver vev og filt
Stella East maleri
Kristine Fluge sauefellar
Laila Gangstad foto
Anne Marie Grimsrud maleri
Anne Johnsen vev og teikning
Kari Knappskog maleri
Rigmor Molvik Padøy strikk
Kristi Skintveit vev, strikk og bøker
Ingvild Skår tova bilete
Morten Sæle foto
Randi Vikan skulptur/lampe

Ullveka 2017 er 22. september til 1. oktober.

Ope i ullveka 12-18.
Etter ullveka helger 14-18.


Kystsogeutstilling 2017

Annfrid Leikvoll maleri

Utstillinga varar frå 26. august til 17. september 2017.

Opningstider er helger kl 14-18 og etter avtale.


Havet lever - havet lider

Fotoutstilling med Jostein Vågenes, Laila Gangstad, Ingmar Hindenes, Karl-Erik Olsson m.fl.

Ope helger k 14-18. Siste dag 17. september.


Konsert med May Sissel: Svarttrost

27. august kl 19

Oscar Jansen - piano

Jan Marin Jansen - bass

Billettar kr 150 på tikkio.com